«Da Christian IX og Louise i 1892 fejrede guldbryllup, det første nogensinde i kongehusets historie, var hele København opplyst af stearinlys.»

  • Hvor mange stearinlys må du ha tent hjemme for at det skal være koselig? Hvor mye er for mye? Hva er nok? Si din mening i kommentarfeltet under artikkelen!

På heimesida til ein fornem dansk stearinlysprodusent kan vi lesa om den gamle tradisjonen, der københavnarane sat lys i vinduskarmen på kongehuset sine festdagar.

Vokslys var kostbart og ikkje noko ein kunne unna seg så ofte. No er det annleis. Framleis kan ein få lange, eksklusive vokslys i fine forretningar med fjonge namn. Det meste av stearinlysa som brenn i vår del av verda vil eg tru er levert i blå øskjer som ser ut som ein pappmodell av varehuset dei er handla på. Det svenske firmaet som har gjort det stort innan moderne stearinlys oppgjev til VG at dei sel 101,5 millionar slike lys i året, berre i Noreg.

Det kunne sjå ut som ein festdag i København på 1800-talet då ein stod og såg utover dei tettbygde delane av Nordhordland førre helg. Med eit svakt varmt lys som skein frå vindauga i alle husa mangla det berre at danskekongen kom forbi med hest og vogn. I staden er det ein svensk møbelkonge som kan gni seg litt ekstra i hendene når store område blir straumlause over lengre tid.