Bergen 1899. Ein ung mann set seg på båten til Sogndal. Den tidlegare gullsmeden har fått tuberkulose og må finne seg nytt levebrød. Han har høyrt at det er gardar til sals på Hafslo. På båten får han vite at også Nedre Stedje i Sogndal er for sal. Mannen på båten er Hans Andreas Hagelin, bestefar til Kari Hagelin.

MINNEST TANTENE: Kari Hagelin har vakse opp i Hagelinhuset. - Kvar sommar kom tantene på besøk frå Bergen. Dei hadde med seg flotte gåver til meg, og så hadde dei bil. Det hadde ikkje me, så då vart det fine turar i områda rundt Sogndal. FOTO: CHARLOTTE HELLELAND

MINNEST TANTENE: Kari Hagelin har vakse opp i Hagelinhuset. – Kvar sommar kom tantene på besøk frå Bergen. Dei hadde med seg flotte gåver til meg, og så hadde dei bil. Det hadde ikkje me, så då vart det fine turar i områda rundt Sogndal. FOTO: CHARLOTTE HELLELAND

Det gule hovudhuset på Nedre Stedje gard, ligg som eit landemerke i det du kjem inn til Sogndal. Her bur Kari Hagelin og mannen Gunnar Hofslundsengen. Dei tre borna er vaksne, men har slått seg ned i nærleiken. Barnebarna er ofte på besøk.

– Sjølv om me bur i eit gammalt flott hus, så skal det kunne brukast. Me har ingen dyre møblar som me er redde for. Ungane skal kunne søle ein kopp sjokolademjølk i sofaen, utan at det gjer noko, slår Kari Hagelin fast.

Stovene i huset er rikt dekorerte. Det var den tidlegare eigaren Henrik Krohn som fekk utsmykkingane utførte mellom 1872 og 1879. Det var også han som fekk bygd det særprega tårnet på huset.

– Det har gått rykte om at det var ein som tok livet sitt i det tårnet på 1800-talet, men det stemmer ikkje. Barnebarna har likevel hatt moro av å skremma vennene sine med at det er spøkjelse der, seier ho med eit smil og understrekar at ho sjølv berre har sett og høyrt mus i huset.

Ville flytta til byen

Hans Andreas Hagelin og kona fekk fem born. Av syskena var det berre far til Kari som vart igjen i Sogndal. To av søstrene, Elna og Gudrun, ville flytta til byen. I 1929 starta dei fiskematbutikken Søstrene Hagelin i Bergen. Då var dei tidleg i 20-åra.

– Dei arbeidde veldig mykje og tilsette ikkje meir folk enn dei måtte. I byrjinga hadde dei ein ærendsgut som hadde som oppgåve å hente is til kjøling. Det var jo ikkje kjøleskap på den tida og fisken måtte haldast kald, fortel Kari.

Den ferske fiskematen, basert på gamle bergensoppskrifter, vart etter kvart berømt. Fiskekakene til søstrene Hagelin frå Sogn blei noko av det mest bergenske ein kunne tenkje seg.

Mykje liv på garden

Om sommaren var det tradisjon at alle syskena kom heim til Nedre Stedje på ferie.

– Då var det mykje liv på garden, med besøk, drengar og tenestefolk, minnest ho.

Storesyster til Kari døydde berre ni år gammal. Kari vaks opp som einebarn og var den yngste i slekta. Tantene i Bergen hadde ikkje eigne born.

– Det vart nok ekstra flotte gåver til meg, eg hugsar eg fekk både dokker og trøbil frå byen. Venninnene mine syntest det var veldig kjekt å koma og leike her, for eg tok godt vare på tinga mine.

Nedre Stedje var ein av storgardane i Sogndal, og dreiv hovudsakleg med fruktproduksjon. På grunn av helseproblem, måtte far til Kari leggje om drifta. I 1961 starta han campingplass på ein del av garden.

– Eg hadde min fyrste sommar på jobb der då eg var 12 år, og sidan har det vore arbeidsplassen min. Det har vorte ein livsstil.

Sjølv om ho ikkje har hatt sommarferie på mange år, har jobben gitt ho mange gode opplevingar.

– I periodar har det vore mange stamgjester her, som me held kontakt med endå. Eg skriv julekort til rundt 30 av dei. Viss nokon av dei faste ikkje kunne kome eit år, ringde dei gjerne og oppgav grunn, seier ho lattermildt.

SØSTRENE HAGELIN: Elna og Gudrun reiste frå Sogndal til Bergen og starta Søstrene Hagelin. - Dei jobba veldig mykje. I eit brev til mor si skreiv dei at dei snart ikkje hadde tid til å legga seg, fortel Kari Hagelin. FOTO: Bergens Tidende

SØSTRENE HAGELIN: Elna og Gudrun reiste frå Sogndal til Bergen og starta Søstrene Hagelin. – Dei jobba veldig mykje. I eit brev til mor si skreiv dei at dei snart ikkje hadde tid til å legga seg, fortel Kari Hagelin. FOTO: Bergens Tidende

Berre til eige bruk

I dag dyrkar familien berre frukt til eige bruk. For det meste har dei epler og pærer, men det er også tradisjon for meir eksotisk frukt på garden. På utsida av huset, i ein sørvendt krok der sola varmar godt, står eit aprikostre og ein drueranke.

– Denne kroken har alltid blitt kalla Sahara. På gamle bilete har me sett at dei hadde druer her tidleg på 1900-talet også, fortel Kari.

Saman med kusina si, overtok Kari Søstrene Hagelin etter tantene. I 11 år dreiv dei butikken frå Sogndal.

– I skuleferiane tok me med ungane i bilen og køyrde til Bergen. Det var hektiske år og me fann ut at det ikkje gjekk å drive på den måten, slår ho fast.

Vart for kostbart

Verksemda vart selt, men den tradisjonelle måten å produsere på, vart for kostbar. I 2007 stod kjenslene i kok i Bergen, då det såg ut til at fiskematen frå Hagelin skulle forsvinne for godt. Slik vart det ikkje.

HANDARBEID: Gudrun Hagelin kontrollerer kvaliteten på fisken. FOTO: JAN M. LILLEBØ

HANDARBEID: Gudrun Hagelin kontrollerer kvaliteten på fisken. FOTO: JAN M. LILLEBØ

– Eg har vore inne på den nye Søstrene Hagelin, men eg må innrømme at det var med blanda kjensler den fyrste gongen.

– Og kva syntest du om maten?

– Nei, den er litt salt. Og gulrøter i fiskegratengen, det syns eg ikkje noko om, men det er jo framleis gode produkt. Eg har alltid ein del fiskemat frå Søstrene Hagelin i frysaren, så tek eg det fram viss eg får gjester, slik me alltid har gjort her på garden.