Maria Dyrhol Sandvik

Maria Dyrhol Sandvik

«Det er den draumen me ber på (..) at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um», skreiv diktaren Olav. H. Hauge. Sjølv gleid eg inn på ein veg eg ikkje har visst om då eg fekk beskjed om å skrive denne spalta i Hus & hjem. Eg har ikkje hus, og leilegheita eg leiger saman med kjærasten kan knapt nok kallast ein heim, så eg måtte vende meg mot verdsveven. Og visste du at det finst folk som deler inspirasjonsbilete av ulike vaskeromsløysingar på bloggen sin? Det gjorde ikkje eg, men no veit eg det.

Det eksisterer heilt usannsynleg flotte vaskerom der ute på nettet. Flislagde vaskerom med blanke skapflater, avansert sorteringssystem, designertapet og eksklusivt vaskemiddel oppstilt på rekke og rad. Kontrasten er stor til den einslege vaskemaskina på det vesle badet vårt. Når klesvasken skal tørke må den hengje på stativ på kjøkenet, med trusene på utstilling for folk som kjem på besøk.

Dersom du er i min situasjon, vil eg tilråde deg å ikkje google etter ulike vaskeroms-løysingar. Du blir berre deprimert. På ei anna side får du eit innblikk i ei ukjent verd, ein veg du kanskje ikkje visste om. «Eg har alltid drøymt om et romsleg og praktisk vaskerom», skriv «Fru Hauge» (31) frå Haugesund, på bloggen sin. Det gjer eg også, no.

  • Denne spalten er hentet fra sistesiden i BTs Hus og hjem